Aadland tolker Dylan

Inngang kr 150.  Arrangør Beiarn Folkeakademi.

Rockepoeten Tom Roger Aadlands nye album «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) har fått ei strålande mottaking av eit samla kritikarkorps. «Suveren nynorsk utgave av Bob Dylan-klassiker», skreiv Fredrik Wandrup i Dagbladet då plata kom ut, medan NRK P1 Norsk på norsk kåra «Blondt i blondt» til årets album, med følgjande kommentar: «Av og til kommer det skiver som tar pusten fra deg, rett og slett fordi de er så intense og vakre. Dette var en slik opplevelse».

Singelen «Eg må ha deg» (ein energisk pop-rock-versjon av «I Want You») har fått mykje speletid på P1, og blei hylla av artistkollegaer da han kom ut. «Bravo!!», skreiv Sivert Høyem på Facebook, og Hellbillies’ Aslag Haugen kommenterte at «alle som driver i faget låtskriving, vet at fallhøyden her er ekstrem...Tom Roger gjør dette på sitt eget morsmål på mesterlig vis!». Det siste året har Tom Roger Aadland sunge Dylan på nynorsk for fulle hus over heile landet. Og midt oppi det heile, blei altså Bob Dylan tildelt Nobelprisen i Litteratur.

Tom Roger Aadland hadde stor suksess med albumet «Blod på spora» (Dylans «Blood on the Tracks» gjendikta til nynorsk) i 2009. Tidal kåra seinare opningssporet «Vikla inn i blått» til ein av dei beste norske coverlåtane gjennom tidene. Aadland har gitt ut seks kritikarroste album som soloartist, og er kjent for radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han har også skrive tekstane til åtte av tolv låtar på Hellbillies’ nye album «Søvnlaus».